tirsdag 18. september 2012

Øving 3.1 Meitemarken


Hei!
Dette innlegget her handlar om ei øving vi har gjennomført på skulen. Vi held no på med eit kapittel om "Tilpassing og åtferd", og i samband med dette skal vi utføre ei øving med meitemark.

Hensikt:
Hensikta med denne øvinga er å gjere forsøk med åtferd, og diskutere om det er arv eller miljø. Også sjekke om nedarva eigenskapar har hjelpt organismar til å overleve. 

Teori og hypotese:
I dette forsøket skal vi undersøkje korleis meitemark reagerer på stimuli som lys og temperatur. 
Åtferda til mange arter er ofte ei blanding av nedarva og tillærte måtar å reagere på. Med åtferd meiner vi både spontane reaksjonar (refleksar), sinnsstemningar og komplisert åtferd som vandringar, paringsritual og andre former for sosialt samspel. 

Vi trur at marken kjem til å søkje skuggen på grunn av instinktet sitt. For eksempel å ikkje liggje synleg slik at fuglane kan ete han. 
Vi trur at marken kjem til å søkje bomullen i det kalde røret. 

Utstyr:

  • Levande meitemark
  • Glasrøyr, min. 1-2 cm i diameter
  • Farga papir
  • Teip 
  • Lampe
  • Bomull 
Framgangsmåte: 
A: 
1) Legg ein meitemark inni et reagensrør og dekk til 2/3 av reagensrøret med blått paipr.
2) Flytt paiprstykka slik meitemarken er i lyset.
3) Bruk eit sterk lampe og lys på meitemarken.
B: 
1) Legg ein meitemark inn i ett glasrør og  putt bomull i opninga. 
2)  kjøl glasrøret ned med is.
3) Finn ut om den beveger seg mindre når den er nedkjølt.


Resultat: 
A:

Meitemarken gjeng mot mørket.
 B:

Meitemarken gjeng så langt vekk frå isen som muleg. 
  
Diskusjon: 
Nedarva gjennom evolusjon = dei som overlever ber genet som fører til at dei overlever vidare, samt det utviklar seg også. 

Konklusjon: 
Meitemarken gjekk til skuggen, som er eit overlevings instinkt. Dette har blitt nedarva gjennom evolusjonen.
Meitemarken gjekk til bomullen, som også er eit overlevingsinnstinkt. Dette har også blitt nedarva gjennom evolusjonen. 
Feilkjelder:
  • Skada meitemark
  • Temperaturen var ikkje låg nokk
  • Lampa hadde dårleg lys


S, M, J


mandag 10. september 2012

Biologi - første innlegg.

Hei og velkommen til bloggen vår!
Denne bloggen handlar om biologi. Her kjem vi til å legge ut øvingar som vi gjennomfører på skulen vår.

- S, M, J