onsdag 9. januar 2013

Blodtyping


Hensikt: I dette forsøket skulle vi finne ut kva blodtype vi hadde i ABO-systemet, samtidig lære korleis ABO-systemet fungerer. 


Teori og hypotese:

I ABO-systemet er det fire blodgrupper: A, B, AB, og 0. Blodgruppa får bokstaver etter antigena som sit på blodcellene. I blodserumer (væska) finst det karakteristiske antistoff. Antistoffet anti-A får blodcelene frå bodgruppa til A til å klumpe seg saman. Den same reaksjonen skjer mellom anti-B og blodceller av gruppe B. 

Utstyr:

  • Blodlansett (steril) 
  • Rørepinne 
  • Bomull
  • Anti-A-serum 
  • Anti-B-serum 
  • Sprit 
  • Objektglas
  • Papirservitett
Framgangsmåte: 
  1. Vask fingrane med sprit. Stikk med blodlansetten på sida av fingeren, med ei rask og fast rørsle. 
  2. Press blodet ut, ved å "skyve" blodet mot stikket. Set av to store dropar med på eit objektglas. Stopp blødninga ved å presse ein bomullsdott mot såret. 
  3. Dryp ein dråpe Anti-A på eine bloddropen, og på den andre bloddråpen skal du drype Anti-B på. 
  4. Bland serumet saman med blodet, ved å røre godt med en rørepinne. Det er viktig å ikkje bruke same rørepinne til begge blandingane, difor må du bruke 2. 
  5. Dersom blodcellene klumpar seg, blir dropene kornete. Det er denne blodsorten som er din. 
Resultat: 

Blodtype Antall  Prosent  Andel i det norske folk
A 11 52 % 48 %
B 1 5 % 8 %
AB 1 5 % 4 %
0 8 38 % 40 %




Konklusjon: 
I denne labøvinga lærte vi korleis vi skjekkar kva boldtype vi har, samt at vi lærte om ABO-systemet. No veit vi at det er A og O som er den vanlegaste blodtypen, og at B og AB er mindre vanleg.
Vi lærte også kva blodtype vi sjølv har.

Feilkjelder: 
  • Bloddråpen til nokon kan vere for liten, og derfor kan det vere vanskeleg å sjå resultatet. 
  • Nokon blanda saman anti-A og anti-B. 
S, M, J

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar