I dette forsøket har vi lært meir om osmose, og om korleis vatn flyttar seg frå høg konsentrasjon til lav konsentrasjon, gjennom en selektive permeable membran.
Hensikt: Med dette forsøket er det meininga vi skal lære meir om osmose og kva som skjer under osmose.
Teori: Osmose er definert som diffusjon av vatn, gjennom ei delvis gjennomtrengeleg, selektiv permeabel hinne. Osmose er altså ikkje ein energikjervjande transport. Cellemembranane er gjennomtrengelege for vatn. Vatn passerer gjennom membranen og går frå ein stad med høg konsentrasjon av vatn til ein stad med lågare konsentrasjon av vatn. Årsaka er den tilfeldige eigenrørsla hos vassmolekyla. I dette forsøket skal vi sjå på osmose i levande celler i raudlauk. Raudlauken er fin å bruke, for cellene er så tydeleg på grunn av den raude fargen.
Hypotese: Vi trur at vatnet vil gå frå høg vannkonsentrasjon til liten vannkosnetrasjon, altså frå utsida av plantecella inn i plantecelle, som i dette tilfelle er raudlauken.
Utstyrsliste:
- Raudlauk
- Mikroskop
- Objektglass og dekkglas
- Skalpell
- Dropeteljar
- Metta NaCl-løysning
- Filterpapir
Framgangsmåte: Det første vi gjorde var å skjere av ein liten bit av hinna mellom to løkskjeler. Dette la vi ned på eit miktoskopipreparat. Vi såg først om vi såg noko, men vi fann ut at det var enklare å sjå om vi tilsette eit par dropar med metta NaCl-løysing ved kanten av dekkglasset. Vatnet la vi på eine sida av dekkglaset med eit filterpapir, medan vi tilsette reint ved kanten av dekkglaset på den andre sida.
Restultat:
Diskusjon: Som ein kan sjå bevega vatnet seg inn i cella. Men sjølv om det blir meir vatn i cella, sprekk ikkje cellene, på grunn av celleveggane. Sidan det var lågare konsentrasjon av vatn inne i cella enn utanfor, bevegde derfor vatnet seg utanfrå cella og inn.
konklusjon: Forsøket var velluka fordi vatnet bevegde seg frå høg konsentrasjon til låg konsentrasjon. Dette resulterte i at cellene blei innskrumpa.
Feilkjelder: Det som kunne skje var at objektglasset eller dekkglasset kunne vere skittent, noko som kunne endre blete av cella. Det kunne også forekomme at cella var skada, noko som ville endre utsjånaden av cella. Om løklaget var for tjukt, kan ein sjå forskjellige cellelag, noko som vil skape at ein ikkje får eit godt strukturert bilete av det ein vil sjå.
-S,M,J
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar